Rennesøy folkebibliotek søkte i vinter fylket om midler til å kunne tilby våre innbyggjarar foredrag med fotograf Erlend Berge, og gladelig fekk me gjennomslag.
I 2018 gav Erlend Berge ut boka “Sjå, eg kjem snart! Bilete frå bedehusland”, der han har fotografert 114 av landets bedehus. Bodskapen med Berges prosjeket er å vise fram kulturskatten bedehus som er i ferd med å forsvinne. Noko av det spesielle med desse bileta, er at ikkje eit menneske er med, fotografen vil at den som ser skal tre inn ei eit rom og åpne opp for kjenslene og tolkningane som bileta skapar. Biletutstillinga vart mellom anna antatt til haustutstillinga 2018, Trondheim dokumentarfestival, og i juni skal ho vere i København på Copenhagen Photo Festival – The Censored Exibition.
Tekstane i boka er det Gaute Heivoll som står bak, så her er det mykje å kose seg med.

I tillegg til føredrag, vil Berge opne den tilhøyrande biletutstillinga som vil henge i Bibmus fram til mai.

Kven, kva, kor, når, pris

Erlend Berge “Sjå, eg kjem snart! Bilete frå bedehusland”
Rennesøy folkebibliotek, Bibmus 2 etg.
Onsdag 27.mars kl.12:00
Pris: GRATIS!

Translate »