MYKJE har skjedd på biblioteket i Vikevåg så langt i 2020.
Dei to fyrste vekene hadde vi redusert ope då ein stor arbeidslystig gjeng frå Sølvberget gjekk gjennom samlingane for kassering og opprydning. Mange bøker forsvant, men mange har heldigvis fått bli, og finner du ikkje det du vil ha i hyllene så tek det ikkje lang tid før vi har fått den aktuelle boka inn frå andre bibliotek.

Etter kommunesamanslåinga ligger heller ikkje biblioteket på latsida når det gjeld aktiviteter, snarere tvert om – noko vi er veldig glade for!

Vi har ope måndag, tysdag, onsdag, torsdag og laurdag, og vi held fram med våre faste program som Måndagsbiblå, syning av allsong på Sølvberget, språkkafé, datahjelp, bok og kaffi, onsdagsverkstad, leksehjelp og brettspel om laurdagane i ny og ne. I tillegg kan vi freiste med ny PlayStation 4 og i vinterferien blir det FIFA-turnering måndag 24.februar.

For detaljert program:

https://www.sølvberget.no/Kontakt-oss2/Vaare-bibliotek/Rennesoey-bibliotek/Rennesoey-bibliotek

https://www.facebook.com/rennesoybibliotek/

Translate »