I haust viste me ein del film i biblioteket, og det ynskjer me å fortsetje med. Filmane blir vist måndagar det ikkje er bygdekino – bibliotekets filmar er gratis og byrjar klokka 18.
Nytt av året er at litteraturen blir litt meir blanda inn enn det vart i haust. I vår vil me ha noko høgtlesing, bokutstilling og prat om bøker som anten er direkte knytt til filmen eller tek opp tema.

Oversikt over årets filmar er presentert her. Anna informasjon kjem i førekant av filmane.

14.januar – Paddington, aldersgrense frå 7 år, varighet: 1:40 time28.januar – Paddington 2, aldersgrense frå 6 år, varighet 1:45 time11.februar – Otto er et neshorn, tillatt for alle, varighet 1:15 time

25.februar – Drømmen om Kaptein Sabeltanns rike, tillatt for alle, varighet 1:10 time

11.mars – Mummitrollet, kometen kommer, aldersgrense frå 3 år, varighet 1:15 time

25.mars – Albert Åberg – Albert og Milla, aldersgrense frå 3 år, varighet 42 minutt

8.april – Reisa til Fjørkongen, aldersgrense frå 6 år, varighet 1:20 time

Translate »