Vi går inn i novembers siste veke med mykje program for små og store.
Allereie førstkommande Laurdag 23.november blir det juleverkstad i biblioteket. Beate kjem for å lære bort bretteteknikkar med bruk av gamle bøker. Verkstaden passar best for ungar frå 8 år. Dette blir kjekt!

Måndag 25.november blir det program for store og små.
Kl.17:30 får vi besøk av forfattar Anne Gunn Halvorsen som skal fortelje frå boka “Stress og korleis leve med det”.
For barn viser vi film i biblå kl.18. Dette er årets siste film, og då viser vi “En julefortelling” (A Christmas Carol) frå 2009. Filmen har aldersgrense 11 år og har engelsk som talespråk. 

I tillegg blir det også kake i biblå denne dagen! Vi feirer at Facebook-sida vår har fått 1000 likes.

Arrangementa sluttar ikkje med det, onsdag 27.november får vi besøk av Ivar Nygaard som skal fortelje om sin bok “Brudebåten” på vårt Bok og Kaffi-program kl.11.

Her er det mykje som skjer, og noko for einkvar!

 

Translate »