Denne veka er meir aktiv enn vanleg på biblioteket i Vikevåg. I tillegg til å ha vanleg ope måndag, tysdag, onsdag og laurdag, skipar kulturkontoret kulturveka KULTUR FOR UNGDOM med flotte program både i Vikevåg og på biblioteket. 

Måndag hadde vi paneldebatt om klima med ungdom frå Høyre, FPU og ungdomsrådet, og i dag onsdag skal vi ha workshop med Pål Hausken i Meieriet frå klokka 16 (det er framleis ikkje for seint å melde seg på).

Dersom du ikkje føler workshop passar for deg, vil me tilrå på det varmaste å gå ein tur i Prestvågen og sjå den flotte utstillinga Bedehusland til Erlend Berge, som står der fram til fredag 25.oktober. Denne dagen blir òg inneutstillinga i biblioteket tatt ned. 

Dersom du er meir glad i å halde deg innendørs, kan det hende bokbad med Tore Kvæven og Jone Schanche Olsen kan vere midt i blinken for deg. Bokbadet foregår i Bibmus kl.12 – 13 laurdag 26.oktober. 

 

Translate »