Kva for bok er Rogaland si beste – gjennom tidene?
I høve Bokåret 2019 har Kapittel, Kiellandsenteret, Sølvberget og Stavanger Aftenblad gått saman for å kåre tidenes beste Rogalandsbok. Ei «rogalandsbok» er anten skriven av ein forfattar fødd i, eller har ei tett tilknyting til, Rogaland.

Det byrja med 45 bøker som no har blitt 10, og under Kapittel-festivalen Laurdag 21.september blir det avgjort kven som med rette kan kalle seg Rogalands beste bok – gjennom tidene, og det er lesarane av Stavanger Aftenblad og deltakarane på Kapittel som får vere med å avgjere dette.
Av 50 bøker er vi no nede i 10, og ei av desse skal bli kåra til tidenes beste bok frå Rogaland.

Bøkene får du sjølvsagt lånt hjå oss på Rennesøy folkebibliotek.

Dei 10 finalistane som skal knivast om den gjeve tittelen er:

Alexander Kielland “Garman og Worse”
Arne Garborg “Haugtussa” og “Fred”
Sigbjørn Obstfelder “Digte”
Kolbein Falkeid “En annen sol”
Kjartan Fløgstad “Fyr og flamme”
Øyvind Rimbereid “Solaris korrigert”
Johan Harstad “Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet”, Tore Renberg “Kompani Orheim”
Janne Stigen Drangsholt “Winterkrigen”

 

 

Translate »