På Rennesøy skule har elevane på ungdomsskuletrinna høve til å velge valfaget “Levende kulturarv”. Dette er det andre året skulen tilbyr dette faget. Elevane har vore innom biblioteket ved fleire høve for å bli kjent med biblioteket og våre lokalhistoriske samlingar, men kanskje den beste kulturarven ein kan få tak i på Rennesøy er den immaterielle.

Kvar andre onsdag har biblioteket sitt program som heiter “Bibliotekskyss” eller “Bok og kaffi”, som er ope for den som vil, men det er helst pensjonistar og “eldre ungdom” som deltek på dette. Det er ein salig blanding av innfødte rennesøybuarar og tilflytte i både ny og gamal tid. Nokre kjem frå byen (Stavanger), nokre kjem frå aust og nokre frå vest. Felles er at dei har opplevd mykje, og er glad i å prate.

16.januar 2019 vart elevane i kulturarvklassen invitert til bibliotekskyss for å prate med den eldre garde. Elevane har for tida eit prosjekt om livet på Rennesøy før og no, og kom fort i prat med dei 8 som var på dagens bibliotekskyss. Praten gjekk mellom anna om 2.verdskrig, oppvekst på gard, helse og bibliotek. Dette var gjevande for både gamal og ung, og me ser fram til fleire slike møte!

 

Translate »