Ein hektisk oktober er tilbakelagt med mange gode minner: barnehagebesøk, kurs i datahjelp med UiS, datatreff på tysdagar som har blitt ein flott fast dag, film i biblå på måndag og brettspel-laurdag, uteutstilling og vandring i Prestvågen med Erlend Berge,  kulturveke med klimadebatt og workshop med Pål Hausken. For å nemne noko.

Vi ligger ikkje på latsida i november heller, og forutan opningstidene har vi dette programmet:

KVAR måndag:
Verkstad og brettspel med Matheus frå kl.15/16
Språkafé i biblå frå kl.18

KVAR tysdag: datatreff i biblå frå kl.11

Måndag 4.november: Film i biblå kl.18 – Operasjon Mørkemann med høgtlesing frå boka av kulturformidlaren før filmstart

Laurdag 9.november: brettspel i Bibmus frå kl.12

Onsdag 13.november: Bok og kaffi 

Måndag 18.november: vi viser allsang på Sølvberget på storskjerm i biblioteket kl.12. Denne dagen er det ABBA!

Måndag 25.november: fagbokbad med Anne Gunn Halvorsen og boka “Stress og korleis leve med det”

Onsdag 27.november: Bok og kaffi. Denne dagen får vi besøk av Ivar Nygaard sitt program Brudebåten

 

Translate »