På laurdag starta årets sommarleskampanje, og det var mange barn som kom innom på vår kickstart her på biblioteket. Vi hadde bokskattejakt, demonstrasjon av 3D-printar, framvisning av nye bøker (og aktuelle sommarlesbøker), og vi hjalp dei som trengte med registrering. 
Til no er det over 100 deltakarar frå Rennesøy, og det synes vi er kjempekjekt! Men, det er aldri for seint å bli med. 
Her kan ein til dømes lese om fordelane med å bli med på sommarles:
https://www.nrk.no/ytring/les-i-ferien-1.13536615?fbclid=IwAR1CfV5KlwS2wVNhAUnLRXXk3oqFIAyJoavCqq2qRdxlaS22TjIM5QAloDk

 

Translate »