Årets sommarleskampanje startar laurdag 1.juni og varer til 31.august, og er som vanleg for barn frå året dei byrjar i 1.klasse til året dei går ut av 7.klasse.

På Rennesøy folkebibliotek vil vi laurdag 1.juni kl.11 ha vår opning av sommarles 2019. Det blir høgtlesing frå årets sommarlesforteljing “Det blodraude nordlyset”, det blir framvising av bøker (som sjølvsagt kan bli lånt), det blir bokskattejakt, demonstrasjon av 3D-printer og mykje meir!

Medan du ventar på laurdag og sommarles kan du jo nytte høve til å høyre godord frå forfattaren av gutta i trehuset. Kanskje denne serien blir lest av nokon på Rennesøy i årets sommarferie?

Translate »