Vi markerte slutten av årets sommarles med ein heidundrendes fest laurdag 7.september. 
30 ivrige deltakarar kom på festen, der vi serverte is og popcorn så langt det rakk (samt kaffe til dei vaksne). Vi hadde bokskattejakt, sommarleskviss med strålande resultat, sjakk, brettspel samt henting av diplom og premie. 

Rennesøy har hatt god deltaking i år med auking frå 183 deltakarar frå i fjor til 221 i år som har lese 2843 bøker, det er òg ei god auking i bøker frå 2263 som var sluttresultatet i fjor. Det er ikkje verst, og vi håpar på det sterkaste at dei flotte lesarane våre er like flittige til å bruke biblioteket resten av året og fram til neste sommarles!

Translate »