Frå måndag 17.juni til august har biblioteket sommarope og du kan låne bøkar hjå oss til desse tidene:

Måndag 14:00 – 18:00

Onsdag 10:00 – 14:00

Laurdag 10:00 – 14:00

Som vanleg kan du levere bøker i bokkassa i Vikevåg. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du levere bøker ved det nærmeste bibliotek der du måtte opphalde deg på ferie.

 

No er vi òg 17 dagar inn i sommarleskampanjen, og det er utruleg morosamt å sjå kor mange Rennesøybuarar som er med! Så lang er det registrert 190 brukarar, som har lese 1284 bøker og heile 112 491 sider! Dette er knallbra! Hugs at kampanjen varer til 31.august, og i september blir det sommarlesfest for alle som har delteke. 

 

Vi ønsker store og små ei riktig god sommar, og håpar mange besøker oss i ferien 🙂

Helsing Bjørg og Rebecca

Translate »