Bilete frå studietur til Marokko i 2018.

Som det kanskje har blitt lagt merke til, er det ikkje like mykje aktivitet på denne sida som tidlegare. Det har med å gjere at Rennesøy no er ein del av Sølvberget bibliotek og kulturhus, og vår informasjon er å finne her.

Vi er inne i ei merkeleg tid no – biblioteket har vore stengd sidan 12.mars grunna koronapandemien som styrer landet. I fyrste omgang er alle filialer under Sølvberget stengd fram til 1.april. Førebels veit vi ikkje kva som skjer, men me held lånarane oppdatert på Facebook så snart me veit noko meir.

Elles prøver vi å kome med digitale tilbod. Det er mogeleg å låne bøker via ebokbib og Sølvberget har mange gode tips til kva ein kan gjere, til dømes med barn.
Eit anna tilbod, gjennom frivilligsentralen, er Minecraft miljø som barn og unge kan delta i på nett. For å kome inn på dette trykk her

I morgon tysdag 24.mars klokka 12 held vår kulturformidlar Rebecca digital lesestund frå Asbjørnsen og Moe. Dette blir tilgjengelig på Facebooksida til Rennesøy bibliotek.

Takk til alle som har fylgd med oss på denne sida!

Translate »